|
Tilbake til forrige side / Tilbake til hovedsiden
Utbreiinga av fangstgropsystem for rein tyder på at det har vore eit regionalt trekkmønster mellom ulike sesongbeiter innan delar av Sør-Noreg. Trekket har vore styrt av naturlege barrierar over eit variert, bølgjande fjellandskap. I Dovrefjellområdet er det 2 store fangstgropsystem med totalt minst 1547 fangstgroper som er registrert og kartfesta.
Rein på trekk har kryssa over dalgangane mellom høgreliggande fjellparti. Fangstgroprekkjene har difor vore bygd langsmed dalbotnen og retninga på sjølve gropene går hovudsakeleg på tvers av dalretninga.
Vandring og utnytting av lav som vinterbeite er viktige faktorar i reinen sin tilpassing til eit skrint næringsgrunnlag og marginale leveområde i fjellet. Fangstsystema og økologiske haldepunkt stør hypotesen om eit tidlegare aust-vesttrekk over Dovrefjellaksen, mellom sommarbeiter i vest og vinterbeiter i aust. Trekket her har no stogga heilt på grunn av trafikkåren (Dovrebanen og E6) og tilhøyrande ferdsle- og trafikkauke over Dovre. Ein sterkt redusert villreinbestand har også truleg medverka til dette. | ||||
|
| ||||